Norva24 skiskule 2026!

Norva24 skiskule 2026!


Tid


Pris

Påmelding fra kr 900,00 inkl. avgifter

Det vart snø i år og!! PÅMELDING ER OPNA!!


Førde IL Alpin vil i samarbeid med Sunnfjord skisenter og våre sponsorar ynskje ditt barn velkommen til årets skiskule.

Oppstart: Torsdag 15. januar. kl. 18:00.

Stad: Sunnfjord skisenter i Blomlia.

Alder: For barn som har starta i 1. klasse (fødd 2019) og eldre 

Tidspunkt: Torsdagar kl. 18:00–19:30

Datoar: 15. 22. 29. januar og 5. februar.

Pris:

    •    Skiskule: 900,- kroner

    •    Heiskort kjem i tillegg (kveldskort kostar 200,- for barn).

Tilbod til deltakarar:

Deltakarar på skiskulen får moglegheit til å kjøpe årskort i Sunnfjord Skisenter til redusert pris for 1500,- kroner.

    •    Årskortet kan kjøpast samtidig med påmeldinga. Vel alternativet “Skiskule med årskort”.

    •    Kortet hentast ut i billettluka på Sunnfjord Skisenter. Keycard er inkludert.

    •    Hugs: Gratis heiskort for alle 4. klassingar! Dette MÅ hentast i billettluka.

Pakkepris:

For 2400,- kroner får ditt barn:

    •    Årskort i Sunnfjord Skisenter

    •    Fire kveldar med skiskule

    •    Trening med Førde IL Alpin kvar måndag og torsdag ut sesongen

 

Skiskuletilbod

Gruppe 1: Nybyrjar – Familiebakken

For dei som aldri har stått på ski. Første mål: Lære å ploge og stoppe sjølv. Deretter går vi over til plogsving i ulike modellar og løyper. Dei fleste klarer plogsving etter 2–3 kveldar. Familiebakken er ein trygg arena med enkel heis og mange hjelparar.

Gruppe 2: Vidarekomne – Familiebakken og i hovudbakken (viss den er open)

For dei som kan køyre plogsving og ta skitrekket åleine. Fokus på læring gjennom leik og moro (friski). Målet er å lære parallellsving, større fart, samt å utforske ulike terreng og hopp.
 
Gruppeinndeling

Vi tek omsyn til kva som er best for kvart enkelt barn. Instruktørane våre kan flytte deltakarar mellom gruppe 1 og 2 undervegs dersom vi ser at det er naudsynt for å sikre trygg og god læring. Hugs at det viktigaste er skiglede og læring, ikkje kven ein er på gruppe med.

Om skiskulen

Våre dyktige instruktørar gjer sitt beste for at ditt barn skal få ei god skioppleving. Vi garanterer skiglede gjennom leik, meistring og eit godt miljø.

Vi ser fram til å møte nye og tidlegare deltakarar!

Vi er opptatt av leik, moro, miljø og meistring.

 


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.