Påmelding


Det er lang venteliste for å få plass på partia våre, spesielt på jentegruppene. Det tar i nokre tilfelle fleire år før ein får plass. Vi har ikkje moglegheit til å oppdatere alle om kvar på ventelista dei står, og ein er derfor nøydd å vere tolmodige og vente på sin tur.


I Førde Turn har vi både breiddegrupper og konkurransegrupper, i tillegg til gymleik for dei minste. Ynskjer du meir info om dei ulike gruppene kan du lese på NGTF sine nettsider. Våre breiddegrupper trenar 1-2 gongar i veka, medan konkurransegruppene trenar 2-3 gongar. 


Pris per semester:

  • Gymleik: 1.100kr
  • Breiddeturn med 1 trening per veke: 1.450kr
  • Breidde-/konkurranseturn med 2 treningar per veke: 2.600kr
  • Konkurranseturn med 3 treningar per veke: 3.200kr


For å melde ungen din på turn fyller du ut dette skjemaet.

De vert kontakta når ungen har fått plass på eit parti. Om tidspunktet ikkje passar, kjem ungen tilbake på plassen sin på ventelista. Alle som trena hos Førde IL Turn må ha brukar på Min Idrett. Det er derfor viktig at dei som ikkje allereie har ein brukar, opprettar dette så snart dei får plass på turn. Lenkje til nettsida finn du her: https://www.minidrett.no/


Avmelding

Om ein ynskjer å melde seg av turn er det viktig å gi beskjed om dette. Send mail til fordeturn@gmail.com i tillegg til å gje beskjed til hovudinstruktøren til din unge. På den måten får vi mulighet til å gje plassen vidare til nokon på ventelista så fort som mogleg.