Påmelding

Det er lang venteliste for å få plass på partia våre, spesielt på jentegruppene. Det tar i nokre tilfelle fleire år før ein får plass. Vi har ikkje moglegheit til å oppdatere alle om kvar på ventelista dei står, og ein er derfor nøydd å vere tolmodige og vente på sin tur.


For å melde ungen din på turn sender du mail til pameldingfordeturn@gmail.com

Mailen MÅ inneholde: 

  • Fullt namn på ungen
  • Fødselsdatoen til ungen
  • Mail til ein forelder
  • Telefonnummer til ein forelder


De vert kontakta når ungen har fått plass på eit parti. Om tidspunktet ikkje passar, kjem ungen tilbake på plassen sin på ventelista.


Avmelding

Om ein ynskjer å melde seg av turn er det viktig å gi beskjed om dette. Send mail til fordeturn@gmail.com i tillegg til å gje beskjed til hovudinstruktøren til din unge. På den måten får vi mulighet til å gje plassen vidare til nokon på ventelista så fort som mogleg.