Reglar:


Reglar i hallen:

  •  Sko skal setjast i skohylla når gymnasten kjem inn døra
  •  Baggar og klede skal være i garderoben 
  •  Drikkeflasker skal være i garderoben under trening
  •  Alle skal rydde opp etter seg sjølve 


Reglar på trening: 

  • Gymnastane skal ha strikk i håret (gymnastar med hår som rekker ned i augene skal ha dette vekk fra ansiktet)
  • Gymnasten skal bruke turndrakt eller klede som sitt tett inntill kroppen
  • Smykker skal tas av før trening
  • Tidsnok er 5 minuttar før. Dersom treninga startar kl.16.00, skal gymnasten være ferdig skifta og klar til å trene til kl.16.00
  • Drikkeflasker skal stå i garderoben


I starten av dette året skal gymnastar vente ved garderoben/inngang på at instruktør skal komme og hente dei. Dette er for ordens skuld, då mange parti startar samtidig og det kan være lett å havne i feil gruppe. Etter kvart som gymnastane blir betre kjent med hallen og si eiga gruppe, vil dei kunne gå inn og stille seg på en plass dei har bestemt saman med sin instruktør. 


Vi har fokus på idrettsglede, mestringskjensle, samt gode og tryggje treningar. For at dette skal kunne gjennomførast har vi også eit fokus på korleis gymnastane skal oppføre seg på våre treningar, disiplin og orden. 


Foreldre og småsøsken får ikkje være med inn i hallen under treningar. Dykk er velkommen til å sitte i sofa ved inngangspartiet om det er eit ynskje å  halde seg i nærleiken. 


Korona-restriksjona:

Vi kan heldigvis fortsette med trening bort i mot som normalt. Spesifikke restriksjona for kvar gruppe vert publisert på dei individuelle facebookgruppene. 

Desse reglane gjeld for alle i hallen:

  • Ikkje kom på trening om du er sjuk
  • Sprit hendene når du kjem inn
  • Hald 1 meter avstand til dei andre i hallen
  • Ein skal kun opphalde seg med si eiga gruppe, ikkje vere i kontakt med dei andre gruppene i hallen