MorO i Hafstadparken
Arrangør:
Førde IL Orientering
Tid
Sted
Orienteringsgruppa i Førde har fått tildelt midlar som er øyremerka brukt på born og unge.
BUFDIR (Barne, ungdoms- og familiedirektoratet), samt lokale støttespelarar, har gitt oss mogelegheit til å opprette eit lågterskeltilbod for aldersgruppa 8-12 år. Gratis trening / aktivitet 1 gong i veka. I tillegg til aktivitet vert det også kveldsmat i FIL-huset før ein reiser heim.
Lågterskeltilbod. Alle kan vere med. Gratis. Einaste ein treng er å ha klede som kan brukast til uteaktivitet. Aktiviteten vil i stor grad vere leik og moro - ikkje så mykje mot orientering.
Vi starter ute med aktivitet kl 18:00 og held på til kl 19:00. Deretter vert det kveldsmat på FIL-Huset fram til ca kl 19:30. Foreldre er også velkomne.
Det vert lag ei kort og lang orienteringsløype som foresatte og andre kan gå/springe mens barna er på MorO. Løypetilbodet er åpent for alle som vil.
Les meir om tilbodet her: Mor-O.pdf