Politiattest

Styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) vedtok 10. mars 2008 at heile norsk idrett skal krevje politiattest mot seksuelle overgrep mot barn. Ordninga gjeld for alle som skal utføre oppgåver som i vesentleg grad innebærer eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. Ordninga gjaldt frå 1. januar 2009.

I Førde IL blir ordninga handtert på følgjande måte:

Alle tilsette og frivillige som skal utføre oppgåver for idrettslaget som innebærer eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming skal framskaffe politiattest.

Dette gjerast i samråd med representant frå styret i Førde IL Turn: 

Elisabeth Flo Kyrkjebø - e-post: flokyrkjebo@gmail.com

Ansvarleg for politiattest i Førde IL er Per Øyvind Storevik - e-post: per.oivind.storevik@fordeidrettslag.no

Representantane har teieplikt overfor uvedkomande i forhold til dei opplysningar dei får kjennskap til. Politiattesten inneheld kun opplysningar om personen for tida er sikta/tiltalt eller tidlegare ilagd førelegg/dømt for brot på forhold i straffelova om seksualbrotsverk overfor barn. Idrettslaget har ikkje høve til å be personen om å innhente politiattest for andre straffbare forhold. Innhenting av politiattest er gratis.

Rutinar for innhenting av politiattest:

  1. Ein kan søke elektronisk her: https://www.politiet.no/tjenester/politiattest/politiattest-sok-pa-nett/

         For å søke treng ein stadfesting på føremål frå Førde IL: Stadfesting på føremål.pdf   

         (Her må du fylle inn namn, fødselsdato, tiltredelsesdato, stad og dato)


  1. Politiet sender attesten som ordinær post til den søknaden gjeld for. Den blir ikkje sendt til idrettslaget.

  2. Søkjaren viser fram politiattest til Elisabeth Flo Kyrkjebø som sørgjer for at framvist politiattest vert registrert i Førde IL sin database i samarbeid med Per Øyvind Storevik.


Førde IL skal ikkje lagre attesten, men kun få den framvist til gjennomsyn. Framvising skal skje ved personleg oppmøte.

Personar som ikkje har framvist politiattest utan merknad, kan ikkje settast til oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.

Sjå elles nettsida: NIF om politiattest

Med venleg helsing

Styret i Førde Idrettslag