Gratis aktivitetstilbod 8-12 år
Postet av Førde Idrettslag den 1. Sep 2024
Orienteringsgruppa har starta opp igjen "mor-O" i Hafstadparken på måndagar. Dette er eit gratis lågterskeltilbod for aldersgruppa 8-12 år. Gratis trening / aktivitet 1 gong i veka. I tillegg serverer vi kveldsmat på FIL-huset før ein reiser heim. Så det er berre å ta turen til Hafstadparken kl 1800 på måndagar.
Her kan du lese meir frå då vi starta opp hausten 2023. Same gjeld no, men vi er i gang med aktiviteten: mor-O aktivitet born og unge.pdf
Vi har plass til fleire, og vi prøver å nå ut til flest mogeleg med informasjon. Del gjerne!
Instruktørane har oppretta eiga facegruppe-side: (1) morO i Hafstadparken | Facebook
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde - #naustdal dampbakeri
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.