Skiskulen 2020

Skiskulen 2020

Arrangør: Førde IL - Alpin
Påmeldingsfrist: 13.01.2020 18:00:00

Tid


Pris

Påmelding fra kr 760,-

Beskrivelse

Gruppe 1: Nybyrjar

Dei fleste på denne gruppa har aldri stått på slalåmski, første målet er at alle skal lære å ploge og stoppe for eiga maskin. Deretter går vi over til plogsving i ulike modellar og løyper. Erfaringsvis er dei fleste borna på plogsving etter 2 - 3 måndagskveldar. Barnebakken er ein trygg og god arena for å lære seg å stå på ski, heisen er lett å ta og går passeleg fort for dei minste, vi har og gode hjelparar i heisen. 

 

 Gruppe 2: Vidarekomne 

Ungane skal kunne køyre plogsvingar og klare å ta skitrekket aleine. Her er det fokus på læring gjennom leik og moro. Målet for kurset er at du no lærer å køyre med parallelle ski og større fart. Treninga til denne gruppa vil være både i den nye familiebakken og i storebakken. 

 

Gruppe 3: JIBBING

Jibbing  er ein populær form for alpint. Dette er eit tilbod for dei som vil ha nye utfordringar, likar frikøyring, leik, triks og hopp. Ungane på denne gruppa må kunne ta heis sjølv, må ha stått på ski før og kunne ta seg kontrollert ned.

 

Alle som deltek på skiskulen og ynskjer å trene meir, får tilbod om å halde fram med alpintreninga etter skiskulen på torsdagar med oss i Førde alpin.


Administratorer


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.


Levert av IdrettenOnline