Barneturnstemnet i Førdehuset 21-22. april 2018

Postet av Førde IL - Turn den 20. Apr 2018

Barneturnstemne



Program: BTS 2018 i Førdehuset 21-22. april

Postet av Førde IL - Turn den 16. Apr 2018

Førde IL Turn har gleda av å invitere over 1000 turnerar til Barneturnstemne 21-22. april 2018 i Førdehuset. Her følgjer heile programmet:

Laurdag: 

10:00 - Stemnekontor opnar i Førdehuset og på alle skular

11:30 - Oppstilling til defilering (på kunstgrasbana framfor Førdehuset)

12:00 - Defilering frå Førdehuset til skywalken i sentrum t/r

13:30 - Offisiell opning av stemnet i Førdehuset

14:00 -  Oppvisning startar

14:00 - Førde IL Turn

14:10 - IL Høyang Turn  - Dans

14:40 - Flatraket IL

15:00 - Måløy Idrettslag Turngruppa

15:30 - Medaljeutdeling for Bronse

15:45 - Skavøypoll  -  Frittstående

16:00 - Jotun

16:45- Oppvisning slutt

17:00 -1930 Middag i 3 puljer. Møt presis!

17:30 - 19:30 MINI Disko på Løa for dei yngste turnarane

20:00 - Show Førde IL Turn

21:00 - 23:00 Diskotek på Førde Barneskule

21:00 - Lagleiarmøte på stemnekontoret 

23:00 - Alle lag vender tilbake til skulane og fell til ro.

Sundag:

0800 - 1000 Frukost i 2-3 puljer.

10:00 - Stemnekontor opnar

10:00 - Oppvisningar startar

10:00 - Eid IL

10:45 - Lærdal IL

11:15 - IL Høyang Turn  - Tumbling

11:55 - Årdalstangen IL

12:25 - Medaljeutdeling for Sølv

12:45 - Skavøypoll - Trampett og Tumbling

13:30 - Sandane Turn og Idrettslag

14:15 - Medaljeutdeling for Gull

14:35 - Sogndal Turn

15:10 - Florø 

15:45 - Medaljeutdeling for Gull m/krans og plaketter

16:00 - Stryn Turn

16:45 - Slutt

17:00 - Stemnet slutt

https://www.barneturnstemne.no...



Dobbelside i lokalavisa 02.06.17

Postet av Førde IL - Turn den 2. Jun 2017



Flott avisartikkel om turnavslutninga i Førdehuset tysdag 30. mai !

Postet av Førde IL - Turn den 31. Mai 2017

Jentene meiner turn er den ultimate idretten. No er det 200 på venteliste i Førde

TURNFRELSTE: F.v. Amina Nygård, Hedda Førde Midtbø, Sunniva Vold Sæbø og Kristine Krakhellen var nokre av dei 180 turnarane som fekk vist seg fram under avslutninga i Førdehuset.

TURNFRELSTE: F.v. Amina Nygård, Hedda Førde Midtbø, Sunniva Vold Sæbø og Kristine Krakhellen var nokre av dei 180 turnarane som fekk vist seg fram under avslutninga i Førdehuset. Foto: Ivar Bruvik Sætre

Av firda.no

Lenke til firda-reportasjen 31.05.17

FØRDE: Turn er blitt så populært at born må vente i fleire år for å få plass.

– Vi blir mjuke, sterke og får betre kroppskontroll. Det er utruleg kjekt!

Det seier Kristine Krakhellen (12), som er ein av dei 180 aktive turnarane i Førde IL Turn. Tysdag viste dei fram kunstane sine på den årlege avslutninga i Førdehuset.

Turnarar frå barnehagealder og opp til slutten av tenåra, både gutar og jenter, skulle ut i elden. Dei gjekk i spagaten, tok saltoar journalisten berre kan drøyme om å vite namnet på og stilte seg opp på kvarandre som stødige korthus.

Sjå video heilt nedst i saka.

Fleire år på venteliste

Jentene Firda snakkar med har gått på turn i fleire år. Dei seier det er mange frå sjuandeklasse på Slåtten skule som driv med idretten.

– Til å begynne med var det få som gjekk. Men så spreidde ordet seg blant venner, og så fekk fleire lyst å begynne, seier dei.

Tysdagens oppvising i Førdehuset var for venner, familie og slekt. Turnarane viste fram programma som dei hadde deltatt med i det årlege turnstemnet i fylket, som blei halde i Måløy i april. Neste år skal Førde ha stemnet.

Jentene seier dei var litt nervøse i starten, men det gjekk seg til.

– Det blei kjekkare og kjekkare etter kvart.

Det er ikkje noko foreldra dykkar tvingar dykk på?

Nei, dette vil vi. Eg stod fleire år på venteliste for å bli med, seier Krakhellen.

Dette er vanskelegare enn det ser ut, og det ser jo eigentleg ganske vanskeleg ut. Jentene gjekk opp i bru som ingenting.

Dette er vanskelegare enn det ser ut, og det ser jo eigentleg ganske vanskeleg ut. Jentene gjekk opp i bru som ingenting. Foto: Ivar Bruvik Sætre

Manglar ringar og frittståande golv

Og det er ho ikkje åleine om. Det er rundt 180 aktive turnarar i idrettslaget, men det står 200 på venteliste. Hege Kristiansen, som sit i styret i Førde IL Turn, seier dette er på grunn av plass- og utstyrsmangel.

– Mange barn må vente i fleire år før det er plass. Det er forferdeleg trist, seier ho.

Dei fleste turnarane kjem frå Førde, men nokre kjem frå Gaular, Naustdal, Jølster og Flora for å delta. Dei fleste turnarane er mellom 6 og 14 år gamle.

Kristiansen og Førde IL jobbar aktivt med å få opp ein basishall i Førde. Ein slik hall vil gjere at turngruppa kan samle utstyr og trenarar på éin plass, som gjer at dei kan samkøyre treningar og nytte instruktørane betre.

VIL HA BASISHALL: Hege Kristiansen i Førde IL Turn-styret, hovudinstruktør Susanne Wilhelm og turnstemneansvarleg Kjersti Støfring.

VIL HA BASISHALL: Hege Kristiansen i Førde IL Turn-styret, hovudinstruktør Susanne Wilhelm og turnstemneansvarleg Kjersti Støfring. Foto: Ivar Bruvik Sætre

– No er vi spreidd rundt i ulike gymsalar, og vi manglar heilt elementære turnapparat som ringar og frittståande golv. Det gjer at vi har måtte stå over store turnsamlingar, der det er heilt nødvendig med frittståande golv, seier Kristiansen.

Ho meiner at ein basishall kan doble talet på turnutøvarar, men understrekar at den kan brukast av alle idrettar.

– Turn er alle idrettars mor. Aksel Lund Svindal kjempar jo for turn som basistrening for toppidrettsutøvarar. Det er eit utruleg godt utgangspunkt for all sport, seier ho.

Foto: Ivar Bruvik Sætre



Turnoppvisning i Førdehuset laurdag 18. februar kl 12:00

Postet av Førde IL - Turn den 17. Feb 2017

Førde IL Turn skal i morgon ha to oppvisningar på Førdehuset kl. 12:00 og 12:30 i høve 20-års jubileet til Førde By laurdag 18. februar. Vi vonar på eit stort og engasjert publikum for hovudinstruktør Susanne Wilhelm og våre unge turnerar :-)

Det vert elles fullt program i Førdehuset frå 10:00 til 20:00 denne laurdagen.

Program på Førdehuset laurdag 18. februar:

10.00 Jubileumsbading
10.00 Biblioteket er ope - gratis
11.00 Tilbod frå Sunnfjord Cafe og Catering
11.30 Eventyrstund for barn, 3-6 år, v/Torunn Rygg - Gratis
12.00 Kino: Eventyr i Arktis, Da/Fr animasjon
12.00 Turn oppvisning - Gratis
12.30 GRØSS, passar barn 8-12 år, SoFTeater
12.30 Turn oppvisning - Gratis
13.00 Førde si historie på 20 min v/Hans Jakob Reite
13.30 Strikk og lytt, med lokal litteratur, v/ Jorunn Systad - Gratis
13.45 Kino: Trio-Jakten på Olavsskrinet. No barn/ungdom -
14.00 GRØSS, passar barn 8-12 år, SoFTeater
15.00 Førde si historie på 20 min v/Hans Jakob Reite
15.30 Kino: La La Land. Am. Drama/musikal
16.00 Rockne Bowl , Amerikansk fotball på norsk - Gratis
17.00 Førde si historie på 20 min v/Hans Jakob Reite

18.00 Jubileumsframsyning (Konferansier: Tom Farsund)
Medverkande:
- Angedalen brunns-sextett
- Emma G Grane og Emma H Bruland, song, Gro Anthun , klaver (Førde kyrkjes jentekor)
- Kristina Fransson, kornett Jon Kristian Bye, klaver (Førde kulturskule)
- Synne Askevold, klaver
- Christine Marøy, sopran, Jon Kristian Bye, klaver (Distriktsmusikarane i Førde)
- Danseverkstedet, v/ Jorunn Reina
- Jubileumsord v/Ordførar Olve Grotle og ungdomsordførar Daniel Fossøy Sandbakk
- Førde seniorkor, dirigent Kjetil Andreas Nydal
- Immature Avocados (Kulturskulen/Firda vgs)
- Thea Hjelmeland

Billettar:
Vert lagt ut onsdag 8. februar Kl. 20:00
Førdehuset/Servicetorget (Ikkje reservering)
eBillett: www.fordehuset.no

Velkommen :)



Levert av IdrettenOnline